Fra arkivet: Fra Statfjord C til Arbeids- og sosialkomiteen

Fra arkivet: Fra Statfjord C til Arbeids- og sosialkomiteen

Kirkenes-Tana, Alta- Brønnøysund, Kristiansund-Molde, Bergen-Askøy, Bømlo-Stord, Stavanger-Sandnes, Kristiansand-Arendal. Selbu-Aure og slik kunne eg fortsatt.

Tekst: Baste Daltveit. Foto: Mette Møllerop.

Kirkenes-Tana, Alta- Brønnøysund, Kristiansund-Molde, Bergen-Askøy, Bømlo-Stord, Stavanger-Sandnes, Kristiansand-Arendal. Selbu-Aure og slik kunne eg fortsatt.

Nei, eg snakker ikkje om kommunesamanslålinger som nokon av dykk har tatt til orde for. Eg snakker om direkte skatteinntekter frå Statfjord C. Fordi nett no har me folk om bord frå desse kommunane. Og slik kunne eg fortsatt. På lik linje med alle dei andre plattformane som me ser. Små hjørnesteinsbedriftar kvar for seg.

Det er vel berre NAV og Posten som er representert i samme omfang med arbeidsplasser i kommune-Norge som oss. Sjølv om innteksgrunnlaget deira e litt spinklare.

Me jobbar med digitalisering, mellom anna sender me omtrent berre elektriske brev. Posten som har blitt ein del av butikken merkar dette kvar dag. Eg kan ikkje minnast at det bygges eit einaste nytt  postmottak lengre, Jo forresten, ett.  

Me som jobbar for Statoil, jamvel om ein er kontraktør eller operatør skapar verdier for Statoil og Mor Noreg kvar einaste dag.

Enten inntekten kjem frå sol eller vind eller olje og gass som her. Når det gjeld arbeidsplassar og inntektar så e det sistnemte som stikk av med fysteplassen.

Me veit det, nokre av dokk veit det, og langt fleire burde vete da.

Sjøl om ein berre har eit hove kan det stundom vera smart med to tankar inni same hove.

Det betyr at ein skal delta i utviklingen av alternativ energi, samstundes med at med jobbar kvar einaste dag med forbetringar i denne bransjen med omsyn te miljø. Men me treng han. Av omsyn til inntekter til Mor Noreg, av omsyn til arbeidsplassar og av omsyn til produkta den levere.

I Noreg har vi vorte heldige. Tidligere bønder og fiskare har vorte oljearbeidere

Sjøl om mange framleis driv med hesjing og slått som før. Som setter garn og teiner som om ingenting har skjedd.

For førti år siden var Noreg eit land i sort/kvitt. Og nokre gråfarger. Nå fremstår nasjonen som ein reinboge. Vi har blitt rike. Søkkrike. Me har så mykje pengar at med ikkje veit ka vi skal gjera med dei.

Noreg har vorte engelsk. Statoil ikkje godt nok lengre, no e da Equinor.

Noke som eg mest forbinde med ein hestekiropraktorklinikk.

Noreg e for lite for dei beste. Stoltenberg og Helge Lund har tatt til å jobba utanlands. Sjølv Jagland har engelsk som sitt arbeidsspråk.

Ungane våre har vorte digitale. Skal du ha tak i dei bør du ha inkvart i neven med eit batteri i. Hvis ikkje, – gløym det. Gløym det på samme måte som vi gløymer ka disse plastdingsane e lagde av.

Ingen vil ha bransjen vår. Men alle vil ha plast. Bransjen e ikkje berekraftig. Prøv å ber noke sjøl i desse dager uten å bruke ein plastpose. Kor kjem all denne plasten frå?

Så fins det ein del kreftar som vil oss til livs.

Me meine sjølv med e miljøvennlege, eit syn miljøvernarane ikkje deler. Der dei fer rundt i fjordana i miljøvennlege kajakker lagd av plast, ikledd flytedressar, fleece og redningsvestar, -lagd av plast det og.

Denne bransjen, og Statoil, har sugd te seg nokre av dei glupaste hovudene i landet, – ja då kanskje med unntak av mitt. Men me fremdeles ikkje i nærleiken av å produsere fleecejakker frå vindmøller og mobiltelefondeksel frå solceller.

Me må ha to tankar i hovet samstundes.

Og at fins utfordringar knytta til Nordområdene det trur eg alle kan være ENI

Baste Dalveit
Baste Dalveit
Statfjord C. Foto: Equinor
Statfjord C. Foto: Equinor